lørdag 22. april 2017

Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg eller ei er det berre å sjekke ut KennelSida vår. Har hatt litt problem med websida så eg tok den vekk og la ut det mest nødvendige, så skulle eg fylle på etterkvart, og skal ærleg innrømme at med facebook, instagram og bloggen her så har det vore ei lita sovepute...Det tek si tid med dataen som ikkje samarbeida slik eg vil, men litt meir i dag også så skal finne fram igjen ein del bilde. Men no er endelig ei oversikt over alle kulla våre ute igjen sjølv om ikkje alle har fått bilde enda, men eg håpe det kjem ;)
Enda meir info vil kome snart så følg med...
Ny banner då eg syns papillon er overflødig då vi ikkje lenger er aktiv med dei, og vi har heller ikkje plana om å fortsette der. Vi har vore nøgd med linjene så skulle sikkert ikkje stoppa med Mille, men vi gir oss på den fronten... Dataen min har nok gjort sitt då han heng på ein merkelig måte, løyse seg fort men dritkjedelig om eg i vannvare har klart å markere alt svart og vips er det vekk. Så no er det snart på tide eg virkelig renska opp i den her og får meg ein ny.............
Etter Timmen hadde besøk av ei god venninne med ein lekker pc - står det no ny rosa pc øvst på lista mi over ting eg skulle hatt :)
Eg har ein mann som har sagt lenge at eg må legge meg (er ikkje ofte eg sit oppe på denne tida, så no skjønna eg korleis det er når barna syns vi masa!!) steik kor han MASA!!... Jada litt låkare blir eg nok i morra, men skal sitte i hallen å sjå på Katja & co spele handball og då blir eg dårlig uansett...
Å eg hadde aldri klart å sove utan at eg retta opp i litt av feila.

Her er berre littav bilda som er lagt ut i dag!...
 Atos og Bajas...
 Bertil...
 Ronja og Saga...
Lissi...

Håpa de alle får sove godt i natt...
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal...