fredag 14. april 2017

Tispe eller hannhund!?...

Til venstre:
Kvasneset`s In Long Desember Night "Bobby"
(SU(u)CH NUCH VV-14 Caci`s Hit The Road Jack x Kvasneset`s Himmelske Honoria)
Til høgre:
Kvasneset`s Keep The Faith "Joey"
(VDCH Silkmann`s Castle No One`s Better No 10 x Kvasneset`s Himmelske Honoria) 
"Ekje vi herlige vel!!?" Å berre sjå dei på bilde gjer noko med meg, men å sjå og kjenne personligheita deira gjer meg rørt...

...I går var eg og Cecilie på tur med gutta nede i skauen og ved sjøen, eg tok med kameraet og tenkte det var på tide å ta eit par bilde av disse to herlige halvbrødrene.
Då vi kom ut av skogen og ned på berga så sa eg til Cecilie "her var plassen eg sat å tok favel med Bajas og sjå no er eg her med to fantastiske gutta". Å det er berre så sant!! Dei er herlige å ha i hus, lett å ha med å gjer og vi har slettes ikkje gjort store umaka med å oppdra dei heller ;) Litt unota har dei sikkert hatt eller har men ikkje noko som vi har hatt problem med, heller sett det som litt sjarmerande. Å ikkje nok med at eg fell for disse herlighetane i valpekassa, men eg berre digga dei og syns dei blir lekrere og meir sjarmerande for kvar dag - kanskje eg igjen samanlikna dei med mannfolk dei blir vel også berre betre med åra?


Meininga var egentlig berre å dele eit bilde på instagram, men etterkvart som eg såg på bilda syns eg det var like greit å dele fleire...å så slår det meg litt kvifor har eg så mange innimellom som ringe/maila meg om tisper?? 

Storebror og lillebror der det er lett å sjå at den eine er vaksen og den andre nesten valp...men likevel så lik...

Eg var akkurat konfirmert då eg fekk min første hund - ein herlig hannhund, og har ikkje angra ein dag for at det var det eg valde. Men, så kom interessa mi for alle kurs og informasjon eg kunne få...eg gjekk hund og helse mot år 2000 (trur eg det var) og der fikk eg enda meir info om genetikk og avl, etter eg hadde lest mykje og fått kurs i det var eg ikkje i tvil eg måtte ha tispe og sjå om eg kunne få meir kunnskap og prøve meg på dette. 
Interessa for avl har ikkje ebba ut men forsterka seg så derfor blir det vanskelig å ha ein heil haug men hannhunda heime...ja for eg må ha tisper for å kunne fortsette der eg er. Hadde ikkje det vore for det hadde huset hatt fleire med balla istaden for bloddryppande løpetid ;)

Er det alle som set seg inn i kvifor ein bør ha det eine eller det andre? 
Er det slik at vi hører på nabon eller kompisen om at ei tispe er mykje enklare å ha med å gjer? 
Er det slik at vi høyrer om at hannhundane stikke av om det er tisper med løpetid i mils omkrets? 

Er det slik at hannhundar er så sterk at vi ikkje klare å halde dei? - eller er det berre at vi rett og slett gjer ein dårlig jobb med noko så enkelt å oppdra hundane og då er det lettere å halde igjen ein hund som er 5-10 kg lettere enn ein tyngre?

Eg kan nok stille veeeeeeldig mange spørsmål...men, det har seg slik at det er fordela og ulempe med begge kjønn, og det kjem berre an på korleis du sjølv gjer det.
Har du funne deg ein oppdrettar som du føle gjer det rett dei første 8 vekene, ja at dei faktisk prega dei og gir dei massevis av positive påvirkningar som igjen blir eit godt utgangspunkt for ny eigar. Ikkje minst funne den kombinasjonen som du kunne tenke deg valp av, så er det kanskje greit å slå seg til ro med at vi får det kjønnet som kjem...
Bobby er ein kosehund av dei sjeldne...så han ville helst inn i fanget mitt å kose der eg sat å fotograferte...Når han ikkje kunne røyse seg å gå prøvde han seg på å krype for det ser veffal ikkje ho mor ;)

Eg gir ut ein fyldig valpeperm og meina at følge du den frå du får valpen i hus så skal du få eit ganske så harmonisk og fint familiemedlem. Men det er ofte slik at det er opp til deg som valpekjøpar å velge rett oppdrettar og gjere ein god jobb første tida for å få mange flotte år ilag.

Så om du skal ha tispe eller hannhund? Sjølvsagt heilt opp til deg, men prøv å vere open for å endre litt på det du hadde sett for deg så trur eg det vil bli veldig bra uansett...  

Her i huset har vi tisper og ein hannhund...begge kjønn har vi hatt ilag i huset i 20 år no og ser ingen problem med det eller at hannhunden er "syyyyykt stressa". 
Det her skulle ikkje vere ei preike, men berre ei påminning om at vi kan prøve å endre tankegangen litt. Men, ha ein god samtale med oppdrettar og høre om kva som kan passe til dåkke...det er forskjell på hunda frå forskjellige linjer då det er nokre som er litt meir "krevande og høg" enn andre - men her igjen viktig at ein har god dialog med oppdrettar slik at valet av hund blir rett.

Ha ei fortsatt fin påske!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg ell...