lørdag 29. april 2017

Kan eg gi heilt slipp!?...

...på alle guttane i dette kullet!? Neppe...det er dei eg har plukka opp først heile tida og eg er jo så svak for disse mindre hormonelle herlighetane ♥ Her må eg virkelig i tenkebobla mi!!
 Berta te med seg godbitane ho får i valpekassa og skal "dele" med  valpane sine ;)
Mølje...jepp ei herlig mølje ;) Å det er vel ei mølje eg kan kalle dei gir tankane mine for tida også!! 

For at det skal bli lettare å forstå kvifor eg ønska å kunne halde igjen ein hannhund så skal eg forklare "litt"...(Vi skal sjølvsagt halde igjen ei tispe også).
Eg får jo med alle mine tre firbeinte gutta i ei og samme stamtavle!! "Siko" min aller første flat som saman med mi første tispe gav oss på alle måta fantastisk Bajas (mitt store hjarte som kom heim og er alltid med meg bak på skuldra mi), å den siste som kraup under huda på meg og valde meg i valpekassa og eg kunne ikkje gi slipp på han "my Bobby McGee".

Å kan ikkje sei anna enn at her er flust med flotte hunda i denne stamtavla her, og i tillegg til alle du ser her så ligge det generasjonar med flotte hunda bak!!

Kan begynne med farslinja som stamma frå Ayla som kom frå vårt første kull i 2000 der vi brukte Kristine sin herlige "Bogart" på "Kira" vår stamtispe - på Ayla nytta vi nydelige "Solan" som eg fall pladask for...Der fikk vi vår kjæraste Lisa som vi brukte finingen "Jungman" på som leve i beste velgåande 11 år gamal. "Nora" ei herlig jente som i ein alder av to år sjarmerte seg inn på Emblem og leve det gode liv på landet. Innimellom gir ho oss herlige opplevelsar og ikkje minst nokre fantastiske valpa!! Første kullet med vakraste "Rebus" med svenske og engelske linje som vart verdens vinnar berre to år gamal!! Å i det kullet behaldt vi to heime...Bobby valgte meg og igjen har eg fått ei anna utgåve av "one of a kind" ♥♥♥ og søster skjønne Keesha!
Mamma til kullet er vår herligste "Berta" og vi berre gler oss med ho vidare etter permisjonen er over!...
Ho er eit resultat av inseminasjon etter fantastiske "Porsche" også med sine svenske og engelske linje. "Sky" mamman til Berta tok vi inn frå Tsjekkia som ein parringsvalp etter vår kjære og heilt spesielle Bajas♥ som var etter min første hannhund og tispe... Eg kunne ramsa og ramsa men skulle visst berre sei litt og då har eg fått med meg litt, og de kan jo berre sjå stamtavla sjølv ;)
(Har heva ut dei eg har nemd over...)


Kvasneset`s In Long Desember Night
SE U(U)CH JEUW-13 
WW-14 Caci`s Hit The Road Jack
IE CH GB CH Clandrift Dark Legend
GB SHCH Vbos The Tycoon
Blackshyne Summer Melody at Clandri
SE U(U)CH JWW-08 Caci's Strip and Tease
NORD V-07 SE U(U)CH NO UCH Branchalwood Aylancoll
SE U(U)CH Caci's Helen Chadwick
Kvasneset`s
Himmelske
Honoria (res.CC)
"Nora"
SEU(U)CH
Boppalooza Jungman Jansson
INT FIN S UCH JVV-00 SV-03 Almanza Sharp Shooter 
SU(u)CH NUCH NV-05 Boppalooza När Du Dansar 
Kvasneset's Frøken Lisa(CC)
N UCH Bezonian Eau De Vie "Solan"
Kvasneset's Ayla (CC) (Datter av Bogart)
Kvasneset's
Just
 For Fun
Intuch Norduch Sevch
Inkwell`s Final Guess
"Porsche"
Belsud Black Taurus
Belsud Brown Guiness
Belsud Willow The Wisp
S U(U)CH Inkwells Guess My Name
Black Mica's A Mixed Recipe
INT S N UCH Inkwells Beretta Mobilchoke
Lavender Sky Black Brianta
"Sky"
NUCH NVCH Kvasneset`s Braveheart "Bajas"
Fonkebakken`s Damian Siko
Coneken`s Glenmorangie Port Wood (CC)
Multich Carnival Night Black Brianta
Moonstruck Rumble Fish
Mulitch Arctic Avalanche Black Brianta
Sorry at det vart litt rotete med den stamtavla, men måtte berre ha med fire generasjonar! ;) 

Det siste kullet vi hadde ser veldig lovande ut og dette er nesten samme kombinasjon berre at vi har fått inn "Rebus" og "Porsche"...
Så eg kan liksom ikkje forestille meg at dette ikkje blir veldig bra etter å ha tilført to flotte linje til!!

Ein hund er ikkje berre ein hund..ein flatcoated er ikkje berre ein flatcoated...ei linje er ikkje berre ei linje!...for dei som trudde det ;) 
Blir så ekstremt glad i disse linjene, det å få jobbe vidare med dei og prøve å forvalte dei på den aller beste måten 
Folk spør meg eller kanskje dei legg føringa: "du kan nå ikkje halde igjen for kvart kull!?" Jepp det kan, bør og etter mi meining SKAL ein om ein vil noko med oppdrettet sitt. Kvifor skal eg gjere så mykje utav det og med den jobben om eg ikkje skal ha noko igjen sjølv? Eg ser ikkje vitsen med å ha eit kull om eg ikkje skal ha igjen, og forhåpentligvis få jobbe vidare med dei linjene...



Håpe virkelig på ein del slikt vêr framover slik at valpane får vere mykje ute, og ikkje minst vi to- og firbeinte kan sjå fram imot mange herlige tura...

Når eg kjem heim frå handballcup med Katja skal valpane bli foreviga på bordet og gler meg til å dele bilda med dåkke.
Ha ein tenkande dag...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...