søndag 9. april 2017

Tilbake i Laupet for ei enkel oppgåve...

Alltid like godt å vere i Laupet...sjølv om eg gjerne skulle vore heime i valpekassa er dei så flinke å passe dei heime at fråver av meg gjer ingen ting.
Ting går ikkje alltid etter planen så det vart ikkje så kjapp tur som vi trudde, men når det først var slik er det godt å kunne vere på hytta....
 Skogstura er vi rasande flink på...å når vi finne blåe skatta blir eg berre heilt betatt...
Lukta av tømmer er slettes ikje dum...herlig å gå i skogen med så kraftig duft av herlig sagd tømmer...
Gjekk vel rundt i skogen i eit par tima då eg tok bildet av det gamle bygget der så gjekk eg å prata med Timmen og hadde sikkert gjort det den siste timen. På slutten hadde han lyst å lese for meg frå barnebibelen sin...
Han spurte kvar han skulle starte og eg sa akkurat der han ville. Å der eg gjekk å koste meg i naturen og prata med han begynte han å lese frå Guds skaperverk!! Den vakre blå himmelen på 2. dag, hav, land og blomsr på 3. dag, på 4. dag lysa på himmelen som sola, månen og stjernene. Utrulig herlig å kunne suge inn naturen og samtidig høyre på den herlige gode guten min...Ja det kunne ikkje ha passa betre ♥♥♥

Mandag 3. april satt eg og Nora oss i bilen retning Gjøvik for augelysning. Utstryket hos veterinr fredag kunne antyde at vi kunne prøve ho for hannhund om 3-5 daga.
Eg kjende på Nora og det virka ikkje heilt som ho var klar og litt for mykje blod i tillegg, og då ho var augelyst ville eg sjekke ho slik at eg var heilt sikker på at til Sandefjord skulle vi ikkje den dagen og det var rett.

Tirsdag hadde vi fått time på veterinærhøgskulen der vi skulle ta blodprøve for å stadfeste riktig dag. Utstryket såg bra ut men ho er nok ikkje på topp heilt enda. Seinare kom blodprøve svaret som sa oss 4-5 daga før paring. 

Vi fortsatte dagen med lunsj og koselig besøk hos Ragnhild og Bertil på Tøyen før vi var innom sentrum og tilbake på hytta. 

Eg har bunkra opp med raudvin, frukt og kaffi, med dataen i fanget kan eg berre senke skuldrane og gje det eg er beste på aleine...
Onsdagen kosa vi oss i skauen og på hytta før vi torsdag formiddag tok turen til Sandfjord...i og med Loke skulle vere i Sverige frå torsdag til søndag va det greit å prøve med ei paring for å vere sikker, og det tok ikkje lange stunda før dei satt på plass og med heng på ca. 16 minutt. 


Jepp "upassande" og heilt naturleg bilde på høglys dag ;)

Eventuelle valpa ventast ca. 8. juni 2017...

Fredagen ein herlig dag med fleire tima i skogen...laurdag det samme men ein tur innom butikken. No sit eg her søndag og har etterdønningane av kreativiteten i fingrane men bør snart lausrive meg for å pakke og vaske meg ut av mitt skogsparadis for denne gang. 
Dei siste dagars hendinga  sette ein støkk i oss alle og vise ein verden som ikkje er heilt i balanse...


Ha ein fin palmesøndag og riktig god påske!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...