torsdag 20. april 2017

Mange ord...

Dei siste dagane har eg hatt så mange koselige telefonar frå tidligere valpekjøpera og nye som skal inn i #teamKvasneset - så kjekt å dele erfaring og kunnskap og få høyre kor det går med dei firbeinte skattane rundt om. Så får eg tilbakemelding om at folk lika å lese bloggen og utviklinga som er. Å då kjem det noko snikande, ja eg kjenne på eit drag av dårlig samvittighet!!....Det går litt opp og ned med skrivinga, men tankane og formuleringane er der, så må berre få det ut. Eg er ikkje så veldig fin på det, og her går liksom berre fingrane over tastaturet med liten tanke på at folk vil tru det eine eller andre om meg. ;)
Å tenke ja det gjer eg heile tida...nesten som om hjerna jobba på høggir til og med når eg legg meg...natt til i går var eg vaken innimellom og fikk då oppdateringar om ei fødsel. Brune og svarte herligheta - då eg døste vekk litt så kom det jaggu ein rosa ein også!!...Eg er steike glad i rosa, men ein rosa flat!? Jaja heldigvis berre hjerna som jobba overtid ;) 
Så med alle dei tankane eg omgir meg med så resultera det berre i forbaska mange ord!... 

Men veldig kjekt å høyre at folk lika å følge både blogg og instagram!! Det fortsette eg med og saka de nåkke så send meg gjerne ei melding!!...
 Fantastisk å sitte å sjå på valpane som slikka kvarandre etter måltid og ikkje minst der to og to sit å leika seg...
High five!...«fast føde» var slettes ikkje dumt ;)

Vi i #teamKvasneset har ei lukka facebookgruppe kun for folk/familiar som har kjøpt hund frå oss eller er forverta.

I dagens «diskusjon» må eg berre dele noko: «Begynt å skjønne din humor J Og utenom masse om hund, har jeg lært fra deg å omskrive alt detaljert, så derfor. ;)» Å eg må berre le for meg sjølv (og alle dei eleve valpane og vaksne firbeinte her!) for han har jo så rett…eg skriv stort sett alltid for masse og detaljert!! Men, dei få gangane eg ikkje gjer det blir eg trulig missforstått.

Men, det gav meg eit glimt tilbake i tid…trur det var i 1999/2000/2001 jadda hekje alltid med meg heile haude når eg sit å skriv…Men i så fall tok eg instruktør utdanning på Eid og vi alle skulle ha foredrag på litt usikker på tida men ca. 5-10 min. og alle fekk utdelt ei øving frå klasse 1 vi skulle demonstrere.
Eg fekk – Tannvisning! Å eg klarte ikkje akkurat halde igjen og utbryte «tannvisning! Korleis i alle dage skal eg klare å prate om tannvisning i 5-10 minutt!?» Å fikk tilbakemelding på at det skulle vel gå bra og tida var ikkje heilt låst.
Eg kom tilbake til neste samling og var litt nervøs før eg starta…men eg hadde laga ein presentasjon og forklarte så godt eg kunne, og svarte på dei spørsmåla som kom.
Til slutt braut instruktøren av og sa at det holdt. «Du sa at du ville ha problem med å få inn nok informasjon til å dekke tida! Når egn no avbraut deg har du haldt på i 21
(om eg ikkje tek heilt feil av minutta)minutt!»…………….
Ja, så eg skjønna at eg til tide er for detaljert og ikkje minst så går snakkestellet på inn- og utpust, men det er jo berre for å få med seg mest mulig på minst mulig tid så kan vi nytte den tida vi har «til gode» på andre ting.

Kva kan det ha seg at eg er så detalijert!?...Kan det vere ein grunn av mi beundring av fjella her!? Eg er så fasinert at eg står å ser på dei kvar dag, og kvar ein ny dag fortelje dei ei ny historie berre med å stå der støtt kvar dag i eit nytt lys...

For dåkke som har gidda å lest alt så er eg berre meg sjølv med heilt «normal galskap»…
For dei som ikkje har lest håpa eg dei likte bilda ;)
Ha ein detaljert dag!!
Klem –Anja-







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal...