tirsdag 28. oktober 2014

I`m crazy and I know and love it!! ♥

 Det aller beste med hausten er møke kveldar og skumrande morning med levande lys...
 
Har vel aldri vore nåkken A4 person til glede og fortvilelse, ja og kanskje til skrekk og gru for andre. Har ei brennande interesse for mykje rart og ideane er skrekkeleg mange faktisk så mange at det er for mykje av det gode, og ikkje godt for nåkken!!...ja, eller litt godt da, tenke ofte på at om eg ikkje hadde hatt alle mine idea og påfunn så hadde det blitt svært "tomt", og då kjenne ein meir på smertene og ikkje minst tanken på at ein verken kan vere i arbeidslivet eller duge til det heilt store. Ja som i går var eg, barna og søstra mi på kino, har ikkje så lett for å sitte der så tok då med strikketøy som "avledning" hekje sett på det enda så ana ikkje kor masse feil der er.
Enkel strikk  som lett kan strikkast i mørke...foran fingrane raude kinosete. Farge er positivt og gjer deg glad, her er strikk i mange gladfarga så når du ser meg i denne håpa eg at du blir litt gladare...ja, kanskje berre for at eg er litt rar ;)
 
Gubben han er både fortvilt og overraska over den herre skrotten min, han meina eg er heilt unormal og rar...Tim Are han sei eg er heilt normal ♥ og gubben, eg trur han elska meg likevel skrott eller ikkje skrott...
Eg har funne ut at det meste kan gjerast, er overkommelig og at eg kan gjere svært masse sjølv, ja sjølv om eg er "krøpling" - ting tek berre litt meir tid enn "normalt" - men du, kva er vel normalt!? Vi er alle så forskjellig både fysisk, psykisk og anlagt...Eg tenke ofte på at "oj det der går jo litt tregt da!" ja til gubbens store fortvilelse...Til eksempel då vi kom på hytta i sommer var det eit hus vi kjørte forbi som begynte virkelig å bli fint etter år med forfall. Det gjekk nå ei stund, då vi hadde vore i Sverige og kom heim å såg at han ikkje var ferdig dumpa det ut av meg "ekkje han ferdig enda!!" så kjem det tørt frå sidemannen; "du, han he vel ikkje ei slik kjerring som du!" :) hahaha...hyttenaboen meinte Tom burde leige meg ut nåkken daga sopass at han blei ferdig  så kunne Tom få litt fri.

Eg har veffal funne ut at det viktigste er å sysselsette hovudet og skrotten sjølv om det ikkje er det heilt store...ja, for legge ein seg ned har du liksom tapt og veldig vanskelig å snu den trenden vil eg tru. For dei dagane eg må ligge kjennes det som kroppen visna vekk og det er meget ubehagelig. Sånn så då eg trakka over i sommer...skrekk og gru! Men det var 48 tima med kompresjon og høg kvile, så trening med støtte. Det er jo fortsatt litt vondt og hevelsen er snart nede, føle det er rettere å gjere det slik enn å bli sittande i ro for då blir det forfall samtidig som at ein må bruke lengre tid på oppbygging, og i den "svake" perioda er det vel kanskje større risk for ny skade?...
Eg har røke leddband etc. så om det er så store skada må ein sjølvsagt ta det deretter, var liksom ikkje på fjellet igjen etter ei til to veker då.

Tenk over det, korleis har du det eigentleg? Det er heilt sant og ikkje crazy å komme seg ut eller veffal opp av soffan!! Etter berre få daga vil du merke endring og du kjenne deg betre, sterkare og i god form ♥ I dag sei eg faktisk fuck Jantelova og innrømme at eg har blitt god på smertemeistring innimellom ikkje fult så god då frustrasjonen kjem fram, men eg henta meg inn igjen!. Vil du høre korleis eg gjer det eller ønska tips/råd så berre ta kontakt med meg ;) Eg ønska berre alle ein så fin kvardag så overhode mulig!!

Bit saman tenna og ver litt crazy!!...Eg tør, gjer du!?
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...