fredag 17. oktober 2014

Fjols til fjells


Og fjolsa det er sjølvsagt det trekløveret her...ja, så må vi innlemme mamsen innimellom så blir vi eit steike godt firkløver ;)
 

...Jepp, kan godt betegne oss som det på siste del av turen der vi langa fram og tilbake i kjent Leif Juster stil, og hadde nåkken vore fluge i trea hadde det vore litt av eit syn!! :)

Så kom altså dagen som eg har jobba så hardt mot, for i går vart mitt store mål for året nådd då eg og mamsen besteig Sylvkallen (1310 moh) i Hjørundfjorden!!
Frå tidlig i år begynte eg å slite med på fjellet,smertene var intense men eg hadde eit mål og det var å få sjå Hjørundfjorden ovanfrå ♥ Eg har søtte på verandaen og i stua til ho mor og han far å berre nytt disse fjella og verdas vakreste fjord!!! Den er berre så fantastisk og har ein villskap over seg som eg har vanska med å sette ord på det...den forandra seg for kvar dag og det er heilt eventyrlig, ja eg høyres rett skrullete ut når eg gang på gang kan snakke om kor fantastisk det er!!.....Dette er naturen på sitt aller beste, men så magisk vakker at den nesten er overnaturlig! - eg er endra og sikkert vore i endring over tid eg er nok det næraste du kjem å vere urreligiøs, ja religiøs tilknytta ein fjord 😉
Jaja, så gale kan det berre vere, men då eg valde meg ut Sylvkallen skulle det vere ein topp som låg passe midt i fjorden og ein topp som eg ser frå verandaen, ja så enkelt var det å finne den...med tanke for merking av sti var heller lite i mine tanka.

Er du klar for syyykt mange bilder!!?...Håpe du nyte det ♥♥♥
Det var kaldt i starten med frost og skyggeside...
 Mamsen og "Nora" oppi det første bratte og våte partiet der veffal den eine har staka ut vegen. "Nora" følge mest med på om eg kjem...
 Akkurat ferdig med ein glatt og isete parti. Her hadde vi hundane fortsatt i band då dei sklei ned berga...
 "Titt titt"...der var ho også ;)
Tid for ein liten lunsj...
 Kvite fjellrype, skulle hatt med hagla skjønna eg, men om eg ha truffe er nåkke anna!? ;) Er meget fornøgd med innkallinga på begge firbeinte ;)
Kryssa fingrane for at veret held seg slik at vi får tatt ein "familietur" borti her ;) Fint vatn og flott fjell å gå i for den som ønska det, har plan om Langenestind, men vi får sjå...
 Herlige jentene som var med på tur "Nora" og "Sky"...
 Nyte det sjølv om smertene "slår meg litt ut"...Mamma spurte om vi ikkje skulle snu fleire ganga!? Men, sa klart frå at om det ikkje skjer noko anna så er det uaktuelt å snu!!...
Er vel ikkje nåkke rart at alt negativt som surra rundt blir gløymt her!!?...
Snart oppe, men her måtte vi ta ei pause...var vel ikkje akkurat sliten men når smertene blir sterke nok så blir eg så innihampen kvalme!!...Så her måtte det "skadebekjempast" med pust og litt drikke etc...
 Her ser du utover til venstre og innover Hjørundfjorden til høgre...
 Her ser eg alstå "fjorden min" ovanfrå og ser rett tilbake på plassen der draumar blir til...
 Herremin!!...Her er eg utpå kanten og ser ned på store Standal, ei kjerring med min høgdeskrekk har eigentleg ikkje noko oppå her å gjer!!...Med skjelvande bein og pustebesvær var eg redd eg skulle hopp utfor, men det er snakk om meistring dette også og klarte fint å finne roa, slappa av og naut det på toppen...

Her ser de utover fkorden med Sunde og verandaen til mamma og pappa som eg har dagdrøymd på...
Her er det innover i fjorden...
På toppen var hundane i band igjen...
Eventyrlig vakkert og har nesten ikkje ord...
 
Skift av klede og lufting av tær, greit å ha ein mjuk og varm hund å kvile seg på...
Skrulla på tur...god og varm med tørre klede :)
Verdas beste mamma over verdast flottaste fjord
Fortsatt ein del frost og glatte steinar i ura på veg ned...
Kryssing av elva..
Hurtigruta på veg ut av fjorden...
OMG!! Slik går det når vi ikkje finn merking då er det berre å kare seg gjennom krattet...

Ja stien var veldig dårlig merka den, men det var berre å gå mot toppen ;) Verre er det når du har kryssa elva og du skal finne krattet og stien på veg ned igjen!!.. Å hjelpes vi gjekk opp og ned, oppatte og oppatte, ja og oppatte og oppattete igjen!! Fram og tilbake og måtte liksom finne stien for å komme forsvalig ned på glatta.
Midt i leitinga høyre eg frå mamsen "Anja her er veffal massevis av saudemøkk!" - Ja for det hjelpe dei går jo over alt - tenke eg!? "Hadde du funne mannskit så hadde vi veffal visst at vi var nære stien!!" :))))
Til slutt sa eg til "Sky" du må finne stien...ho sprang gjennom tjukkaste krattete og så skimta eg ho så vidt der ho sprang fram og tilbake på ein sti!! :) Yes, den hunden duge asså, kan nå veffal velge og tru at det var slik det funka ;)

Her er vi snart ferdig med det glattaste partiet...
På ferga på veg heim - "Dei galne har det godt!" - ei gulrot eg jaggu har strukke meg langt etter...
 
Fysioterapeuten min spurte i dag om det ikkje var godt å endelig nådd eit mål eg har jobba så hardt og lenge for? Jau, det er ubeskrivelig godt, eg er stolt over pågangsmotet og staheita mi akkurat no :)
Mykje handla om meistring og eg kan i dag sei at eg er litt god på det også...hahaha - dei som kjenne meg skjønna den ;)
 
Freddan skal nytast i stua med mine aller kjæraste ♥♥♥
I dag sende eg ein kosemoseoverdoseklem...
-Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Convoy

Turens første stopp på Åndalsnes der Cecilie satt frå seg bilen sin... Det har vore så mykje eg skulle og ville fortelje om, men med f...