onsdag 1. oktober 2014

Vår varme hule

Kos med hausttid, lys, lammeskinn, puter, teppe, blomster og lerk - best av alt med eit gammalt bord i stua...

Ja, som regel er den det...her er det rom for kos og kvalitetstid berre å synke ned mellom putene og slå om seg med mjuke pledd.
Vi skrive oktober og vi fortsette med haustkosen i stor stil!!  
Heimen vår er "fritt etter min stil", interiør etter hjarte med ønskje at det ikkje skal vere "som alle andre" og det håpe eg andre får inntrykk av også. Det her er langt ifrå ein "magasinheim" ei heller nyaste innan trendar for eg følje hjarte og min eigen stil - ja, den er eg trufast med, eller eit par sidesprang innimellom er viktig for å piffe litt opp ;)
Kvar ting har sin sjarm og deilig at det er vårt med ein følelse at det ikkje er slik overalt, men mest av alt er heimen vår til for kvardagsglede og den bære ofte preg av at "der det er hjarterom er det husrom". Eg og gubben er sjølv vakse opp med foreldre som har hatt "ope hus" og det er nok det vi har tatt med oss vidare...
Ikkje berre barna som har masse besøk vi lika også å ha besøk, men det begrensa seg med å invitere når ein går med store smerter 24/7, men sette stor pris på besøk av venner og kjente når vi har det!! Så det er spesielt oftast familien på besøk ♥ og vi er jo ein samansveisa liten gjeng og er så ufattelig glad i dei...

Har bytta litt putetrekk og fått fram litt lammeskinn igjen og det gir litt meir haustpreg...Her var soffan i sommarfarga og før vi ommøblerte!
 
Natur, nytt, gammalt, fint, sart, mjukt, sølv, gull, grått, beige, hardt og grov rustikk...ein miks av masse som gjer at vi har det for oss "heimekoselig"...
Åsså to forskjellige lysekoner!? Jepp, klarte ikkje å bestemme meg og har det enda ikkje, så skal bli spennede å sjå kva eg gjer og velje "etterkvart" muligens i "ny" stue ;)
Ser no at eine tauet på ramma mi har løsna, her må det knytast slik at det fine bildet som eg fekk av Motte kjem til rette igjen...
Overgang mellom stua og kjøkkendelen - kjøkkenet er det interessant?...
Jadda, her kunne eg godt ha knytt skikkelig putene på stolane tenke du!?...Men, det er faktisk slik det er her :)
Er så godt fornøgd med kjøkkenbordet våra, prosjekt til sommaren MALING ikkje nytt!!...
 
God plass til å nyte og ein god samtale rundt bordet - eg må berre få endre fargen på disse stolane den er verre på bildet enn i virkligheten, men no blir det "snart" endring...
 
 
Det er ikkje så lenge sidan vi ommøblerte, og vart steike godt nøgde med det ;) Syns den store gode soffan vår kom til sin rett og med det skråa hjørnet passa den perfekt i karnappet...
Litt små endringar er alltid like kjekt :) no er det skikkelig stuekos i tida framover så godt når eg og Katja kurla oss saman under teppet...GIRLTIME ♥♥♥

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...