søndag 19. oktober 2014

Flesje

3 gutar speida mot Breisundet...
 
Satt inne i formiddag og lurte på kva dagen skulle bringe...Tim Are ville vere med ein nabo på tur utover mot Flesje, så då heiv eg meg rundt og blei med. Vi var 4 barn og 2 vaksne som tusla utover og fann ein benk å spise litt på, medan eit barn og 1 vaksen måtte snu å reise i selskap fortsatt vi andre utover og ned i fjøra...Her fann vi nåkken skatta, og ein av dei store steinane nede i sjøen vart nytta som båt og den fekk både tau og diverse anna om bord.

Garden Flesje ligg godt i le av ein høg terrassekant, og like ved ein bekk. Under dei lett synlege tuftemurane frå 1700-talet, ligg låge veggvollar, mest sannsynleg frå jernalderen. Talet på hustufter og storleiken på innmarka tyder på relativt gode tilhøve på Flesje. I 1658 hadde den eine bonden på Flesje 12 kyr, 1 okse, 1 hest og mange sauer og geiter. Etter Svartedauden låg garden nede fram til slutten av 1500-talet. Garden hadde eit bruk fram til 1720.
Garden vart fråflytta rundt 1780. Dette kan ha samanheng med dårleg fiske. Tilgang på fisk var avgjerande for å kunne overleve her ute. Kring 1800-talet vart området nytta til seterdrift av bønder frå Giske og Vigra og oppsittjarar på Hessa...
Vakkert på Flesje i formiddag og dele her litt bilder...Trykk på bilda for å få dei større!!
"Nora" - Kvasneset`s Himmelske Honoria...
Vakkert innover og mot Ålesund...
Så fine Nora og Tim Are i skogen...
 "Bygd & By"
 
Tilbake ved bilen var villsaudane nær så satt Nora i bilen og gjekk litt nærare for å ta nåkken bilder...
Sånn ein god, tjukk og varm Saud at eg mest hadde lyst bort og gnure meg litt nedi han... :))
 
Nok ein herlig dag ute i det fri som er balsam for sjela, vi er så heldig som er omgitt av så vakker natur. Ein må ikkje gå opp i høgda for å nyte gjer det i lavlandet også...ekstra godt i og med det blir lang biltur i morra ♥♥♥ så spent og gleda meg stort til tur, og håpe det gir resultater som vi håpa og gleda oss sånn til...
endelig etter nåkken år "tørke" håpa eg vi er på G igjen ;)
Klem -Anja-
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Convoy

Turens første stopp på Åndalsnes der Cecilie satt frå seg bilen sin... Det har vore så mykje eg skulle og ville fortelje om, men med f...