onsdag 15. oktober 2014

Takknemlig ♥♥♥

Er så takknemlig for fargane om hausten ♥ herlige hausten...eg som ikkje er glad i gult syns det er fantatsik på trea og i ei blomstereng!! Savna butikken og blomsterdekorering ♥♥♥
 
Akkurat rigga med til i soffan og skulle srive ferdig nåkken oppgåver...men så kjem eg over alle flotte kommentara på facebook ♥ har ikkje ord på kva følelsa som kjem når eg les alle fine ord!!...Kjenne at eg blir enda sterkere og føle eg får eit puff til å takle litt meir ja, det gjer nåkke med meg når eg får så fine ord tilbake ♥ eg har aldri søkt etter fokus og oppmerksomhet og har heller ikkje vore god på å ta imot kompliment...men, kjenne det er godt å ta inn dei flotte orda og klemmane dåkke har sendt meg ♥♥♥ 
Er også takknemlig for at folk har lese det lange innlegget mitt, har forstålese, fått forståelse eller kanskje er forbausa ;)
Eg blir ikkje alltid møtt med forståelse pga min intensitet, engasjement, "aktivitet", humør og latter etc... Men, må minne om igjen at dette er det som gjer at eg ikkje ligg nede :)

Det var ingen tanke at eg skulle overrumple dåkke med nok ein lang tekst...men til mitt forsvar var det maaaaaaange dyrebilder frå Langedrag utan tekst...ja, for deg som bryr deg om desse flotte skapningane ;)
 
Er så takknemlig for turen til hytta forige veke...dog var turen ned eit mareritt og dermed ein rolig torsdag med tur i skauen med dei firbeinte og handling i Vikersund og litt meir garn i den koselige butikken der ♥ det blei kinamat og ein koselig kveld.
Ingeborg, Katja og Tim Are på veg opp 1078 trappetrinn!!...
Dyktige, spreke og glade barn!! Her er vi snart på toppen og brukte 20 minutt...Katja som var desidert sprekast i dag brukte litt mindre :)
 
Fredagen var forma litt betre så før eg og barna inntok bakken var eg på tur med dei firbeinte...Så herlig å gå "monsterbakken" med barna og dei er jo såååå spreke!! Katja hadde med ei venninne på tur og vi storkosa oss. Jentene var på shopping i Hønefoss fredag ettermiddag, litt "rart" for Ingeborg at eg blei så sliten av eit par butikka men klare å gå tura ;)
Barna på veg ned frå bakken...
 Vi gjekk i skauen laurdagen med og hørte skudd...heldigvis ikkje så mange som då eg og Tom var ute for å hente bjørk. Trur eg hadde blitt litt bekymra med fire barn og tre firbeinte rundt beina medan skudda "hagla rundt øyrene" - aldri så gale som skreve men sjå det for deg da!!... :)
Er så takknemlig for at mine hunder har sine egenskaper i behold sjølv om mine "treningsmetoder" for tida ikkje kvalifisera til start på prøver ;) Lille Millebille følge med flattae i skauen...
Takknemlig for den lille hytta vår...sofakroken som aldri har voe betre og glede meg til å planlegge ei lita påbygging slik vi kan romme fleire...
Laurdagen spurte eg Tom om han kunne hjele meg med eit lite tre!?...Nope, no må du roe ned ideane dine for ingenting skulle gjerast på så få daga ;) Men når valet var å handle mat eller hente tre var det lett å få overtalt han...hahaha...ut å sagde tre for så kappe det til. Han rista på hovudet då eg vaska det grundig med grønnsåpe, men vips herlig og koselig belysning i stua. Tom blei meget nøgd med nok eit lite prosjekt :))
Happylightsa som eg kjøpte på Blaafarveverket hadde eg eine slynga ute på trollhasselene då belysninga som var der var ødelagt men det blei feil på den greina så planen var å endre litt på det i sommer og no når bjørka hadde felt blada var tida der ;)
 
Herlig at det fortsatt blomstra rundt hytta og mange knoppa enda...gjødsla rosene godt før eg for i sommer og det kunne glede oss no i haustferien...
 
Eg har så vannvittig mykje å vere takknemlig for ♥ det er også nåkke å klamre seg til når dagen er som verst...familien min kjære lille familien på fire som eg er uendelig glad i ♥ så i går var eg på besøk med lillesøtra mi, hadde ein lang telefonsamtale med storesøstra mi, og fekk besøke av lillebroren min på kvelden før han reise ut på sjøen i dag han var erre heime tre daga fr han snudde, vore ilag med mamsen heile dagen, og traff pappa eit par ganga ♥ det betyr veldig masse for meg ♥ familie er veldig kjært og glad eg har dei rundt meg...
Viktigst er å klare å glede seg over dei små ting i livet ♥ og det har eg blitt enda betre på dei siste åra...
No må eg hive meg over spørsmål og i morra skal eg ut på tur igjen ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...