onsdag 12. november 2014

Berre ein liten ting - Årets Julebøsse ♥

Den 21. august begynte eg på eit innlegg, eg vile så gjerne rette fokuset på andre...men korleis kunne "lille meg" klare å få merksam nok til det!?
Etter at eg sendte mail til Sula Kommune i sommar har eg venta å høyre nåkke, men kanskje er her allereie eit passande tilbod i likhet med det eg tenkte på, eller kanskje er dette noko å ta med og jobbe litt vidare med? Eg ana ikkje, men kan jo ikkje slå meg til ro med uvisse...må enten få vite eller gjer noko ;)
Eg veit at det for eksempel er nokon som får trene gratis, men eg vil tru at det er mange som kvir seg på å gjere det på den måten der frivillige i idrettslaget får vite situasjonen. Kanskje er det lettare om ein søke/henvende seg til ein person i kommuna om tilskudd til trening. 

Den 16.09.2014 hadde eg og min kjære mann ein liten frisk diskusjon om meiningar rundt det med å bry seg i det som skjer rundt oss, tenke på andre etc. Er det slik at vi skal spisse albuane og sei at så lenge mine barn har det bra spilla resten inga rolle!?...
For meg er det ikkje slik og det riv i hjarterota kvar gang eg ser nokon som ikkje har det så bra, kanskje er det økonomi, psykiatri hjå foreldre eller noko anna, men kva som ligg bak spela inga rolle for det viktigste er å sjå om vi kan hjelpe på eit slags vis. 
Heldigvis om du er i tvil så er eg og mannen min av samme oppfatning at det er viktig at alle barn rundt om har det bra, og at vi skal gjere litt for at andre kan få det betre.

Vi set igjen bøssa vår på disken no før jul og håpe dåkke vil gi litt ♥♥♥ Eg tel opp for så levere det til Sula Kommune i håp om å få til eitkvart som kan hjelpe dei barna som treng det, og eit ekstra ønskje om at det kan vere starten på noko som kan fortsette år etter år...

Derfor sendte eg mail til kommuna om vi saman kunne gjere slik at alle barn kunne få lik rett til organisert aktivitet eller aktivisering på anna vis...og under her er eit utdrag av brevet.


Tilbod om organisert aktivitet til alle barn

Eg vil kontakte de for å høyre om det er mulig å få til ei slags ordning der alle barn har moglegheit for å få tilbod om organisert aktivitet, det vere seg fotball, handball, friidrett eller kva det måtte vere.

Det stikk til når eg høyrer at barn ikkje kan få delta på organisert aktivitet som andre fordi foreldre må prioritere kvar pengane skal gå til. Det er sjølvsagt fleire barn som sjølv ikkje ønska slik aktivitet, men det er kanskje fleire som ønska det, men der foreldre ikkje har moglegheit for å strekke til økonomisk og på andre måtar.

Eg tenke her at kanskje ein kan lage ei enkel ordning der at dei foreldre som ikkje har midlar kan få støtte gjennom ein pott eller eit slags fond.  Det kan i privat eller helst kommunal regi lagast eit fond der ein for eksempel får lokale eller andre til å levere «gevinstar» i eit stort lotteri som er som eit startskot for å samle inn pengar til fondet, etter kvart kan vi søke bankar og andre midlar om å gi av si avkastning til dette fondet.

Det er ikkje alltid snakk om økonomi, men at foreldre klare å følgje opp fysisk og psykisk. Det kan vere vanskeligstilte barn som absolutt skulle fått kome ilag med jamn gamle, og ha ei «fri økt» ilag med barn og unge der dei sjølve får utfalde seg og er i fokus, og ikkje måtte ha bekymringar opp til øyrene. Det med vanskeligstilte barn er ikkje alltid kanskje organisert aktivitet det beste, men kanskje kan dei få vere med ut i friluft saman med vaksne og kanskje andre barn, få ete eit måltid i friluft og mulig litt tilknyting med dyr…Dette må kanskje gå under ei gruppe i barnevernet eller nokon andre, men det veit eg ikkje – men få til eit slikt tilbod med lik linje som fotball slik at alle har moglegheit for aktivitet, og då få opplyst at eit slikt tilbod fins.

Det knyte seg når eg høyre kor nokre kan ha det, og derfor har eg eit skrikande ønske om at fleire skal få det betre.


Det er veldig kostbart å barn i handball og fotballen, sjølvsagt må idrettslaga ha sine avgifter for å drifte dette, men i tillegg er det klede, sko, kampar, cupar, reiser til og frå som både kostar masse og igjen til dei som ikkje klare å følgje opp. Så skal ein stille opp på dugnadar og selje diverse lodd og andre ting, dette er ikkje lett om foreldra ikkje meistra kvardagen like bra.
Som de sikkert skjønna har eg masse på hjarte og hadde min situasjon vore betre skulle eg gått i gang aleine, men eg håpa at eg denne gang kan få ei tilbakemelding frå de, og at nokon der kan hjelpe meg å dra det i gang, litt lettare inn mot bedrifter om dette også kjem frå Kommune. Eg skal vere behjelpeleg med å ta kontakt med bedrifter å spørje om gåvekort og premiar, skal sjå om eg kan få i gang ei gruppe på Facebook slik at eg kan få folk til å hjelpe meg å selje dette inn og gå rundt til husstandane i Sula. Så kan ein lage til slik at folk kan gi eit beløp rett i kassa for dei som ønska å støtte dette!!
Dette er noko som burde vere gjort utanfor dei forskjellige idrettslaga slik at midlane går til dei som verkeleg treng det.  Håpe dette er noko som kan la seg gjennomførast og ikkje berre ein liten draum om at alle skal få lik moglegheit for organisert aktivitet.
Ver så snill sett av vertfall eit menneske til å hjelpe folk som ikkje har det like greitt. 

«La oss saman ikkje gjere forskjell!! - Alle barn og unge har lik rett til organisert aktivitet!»

På førehand takk!!

-Anja- 

Litt anna situasjon no for eg har plutselig ein butikk der eg kan sette julebøssa på disken igjen!!...Dermed kanskje klare vi å få ein liten start ;)

Dette med å sosialisere barn som har ein vanskelig kvardag har eg tenkt på lenge. Eg har sett barn rundt som kanskje ikkje har hatt det så bra, fleire ganga har eg tenkt at eg berre ville gje nåkken av barna ein klem og ta dei med på tur ut i skog og mark, la dei få kjenne nærheita og omsorga hundane kan gi.

I alle år eg dreiv Gavehuset hadde vi ei bøsse ståande på disken i adventstida til inntekt for dei som trong det. Siste året samla vi inn til BUP som skulle gå til barnevernet si innsats med aktivisering.

Vi tørka støvet av bøssa og i år vil vi sette bøssa på disken på opningsdagen. Det vil gå til Sula Kommune med oppfordring om å danne eit fond for dei som treng ekstra omsorg i kvardagen...om det ikkje er gjennomførbart vil det gå til barnevernet sitt arbeid om å ha aktivitetar til barna ♥ 

Håp, tru og draum om ein betre kvardag...

Eg har ein liten draum og eit håp om at kvardagen for nokre kan bli litt betre, og er de innom butikken no før jul så håpe eg de vil gi litt kvar ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...