søndag 30. november 2014

Sulanissen

...Ja det kan nå vere så mange, men det fins faktisk berre ein Sulanisse og det er sjølvaste trenissen som står i nissehuset like ovanfor Gamlestølen!!
Eg og barna starta ved vasskummen kl. 15.30 og sprekingane mine var oppe tolv på fire!! :)
 Sulanissen helsa på oss også i år...

Blei litt bilder på fjellet mot Ålesund og Langevåg og det er vakkert sett frå fjellet...Utan stativ etc. så blei det ikkje beste kvalitet, men kva gjer vel det for eg ville berre fange stemninga ♥♥♥
 Glade barn ute i naturen...ja, då kan det nesten ikkje bli betre ♥♥♥
Etter ei stillesittande helg med kurs på parken var det godt med ein tur på fjellet og kvalitetstid med barna ♥♥♥ Tusen takk for turen mine aller beste og høgt elska skatta ♥♥♥
Ønska alle ein fredfull kveld første søndag i advent...
Klem -Anja- 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...