onsdag 5. november 2014

"Kva skjer"!?...

...«Kva gjer ho Anja på bak papira?» - «Er det noko nytt?» Mange som lure og somme stoppa opp for å lese, nåkken tek seg virkelig tid til å lese alt og stoppa ved kvart vindu for å få med seg alt. Mange fine tilbakemeldingar på det også «så mange fine ord» og «så koselige teksta, ser det er kreativitet bak dei» og så klare ikkje mi gullfiskhjerne å ta fiske opp meir… Syns det er bra også eg med så mange positive ord og hyggelige tilbakemeldingar frå folk! Er så godt for meg når eg ser folk lese kanskje med eit smil om munnen eller berre det at eg kanskje har gleda nåkken med eit par ord ♥♥♥
Ja det blei nåkken ord på butikkvindauga då eg begynte å dekke dei med gråpapir. Mange som kikka og las, ja tommelen opp og smil fekk vi også
Veldig kjekt å kunne skape nysgjerrighet, glede, varme og smil med berre grått papir :) så håpa eg det kan vare…

For dei som ikkje kan eller kanskje ikkje vil stå utanfor å lese...Her er teksten du kan lese deg rundt huset...

Trykk på bileta for å få dei større!! :)
Den teksten he fann eg på eit skilt med ein leverandør for nåkken år sidan, den var så fin at eg måtte kjøpe inn ein del varer berre for å få dette skiltet på nynorsk...
 Eg har alltid draumar og som det står skreve glepp somme, men eg fortsette med nye..
 Den her kom eg på då eg såg ho mor strekke seg og ikkje klarte å nå nåkke. Sa då til ho at ho burde bli litt lengre, og så blei det til orda med den rette teksten for meg sjølv..
"Vent ikkje på at stormen roa seg, vi må lære å danse i regnet..." Det er inspirert av skiltete "Lifte isn`t about waiting for the storm to pass it`s about learning to dance in the rain."
Det skiltete er gitt ut av mange og eit heng på stua vår...
Skreiv først det til venstre, så skjedde det nåkke overraskande der eg skvatt skikkelig, og blei litt sint, måtte flire då eg såg kva eg haddeskreve 5 minutt før og så blei det teksten til høgre...
Kvart eit menneske er ein uslipt diamant eller ein vakker blomst akkurat på sitt vis...
Kva kan morgondagen bringe? og uansett er det viktig å ta neste skritt, ein veit aldri kva det kan binge...

Ser elles at eg kanskje var litt trøtt då eg skreiv alle plakatane for her mangla det bokstava hist og pist om det ikkje mangla på papiret så mangla det på bildet, meeeen la gå!...

Så veldig masse skjer vel ikkje «akkurat no» bak papira, men om eg skal går der å vaske, flikke og rydde med min skrott måtte det faktisk «sladdast» for nåkke mindre grasiøst og lite vakkert syn skal du leite lenge etter, ja det kan vere som reine skrekkfilmen for små barn ;)
Skrotten min er ikkje «konstruert» for slikt lenger og ting tek tid, men igjen «DET E SÅ FOLE VIKTIG AT EIN IKKJE LEGGE SEG NED!!» kan ikkje få sagt det ofte nok.

Håpe du likte litt av teksten min og med det ønska eg alle ein fin opppåbeinadag ♥♥♥

Klem –Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...