onsdag 19. november 2014

Kvit november

Kvit, rein og stille november...stille før stormen då den kjem med innslag av lilla og etterkvart raudt.
Orkide, Saintpaulia, Azalea, Cyclamen, Helleborus...

Vi har slått oss til ro med kvitt i både blomster, lys, lampeskjerma og tekstila det er deilig reint og passa til alt.

No har vi ei veke med det meste av blomster i kvitt og det er godt å igjen sjå at det bugna av blomster rundt meg igjen, og DET er virkelig balsam for sjela. Eg skal nyte, nyte det reine og friske, og ikkje minst dufta av herlige hyasinter...ja, dei har vi både på løk og avskårne 

Vi har knalltilbod på 4 taks orkidear til kun kr 199,- og lekre azalea kr. 39,- !!

Kanskje er du ein av dei som sakna diverse som vi hadde før, men ein del er tatt vekk og andre ting er undervegs frå leverandøra som enten ikkje har levert enda eller det står i rest. Blir litt slik når ein finn ut av å gjenopne berre veker før julestria...
Men, det er massevis av fine skatta vi alt har pakka ut og fleire kjem!! Ein del kjem heller ikkje opp før til advent...


Ta deg gjerne ein tur innom for ein kikk, ein liten prat eler berre ein kopp kaffi 

Natta er nær så drøym godt 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Keesha - ein heilt unik hund...

...Ja det var akkurat det ho var, ein særs unik hund som fikk fram alt av kjensla i meg, for eg har aldri før kjent så mykje på ein gong og ...