tirsdag 11. november 2014

Det begynne...

Mine favoritt duftlys over alle er sjølvsagt på veg til butikken ♥♥♥ 


...å synke inn litt etter litt kva dinne galne kjerringa har gjort ;) Men, du og du kor eg gleda meg!! Var innom butikken tidligere i dag og kjente at NO gleda eg meg skikkelig, sikkert for det nærma seg klart og lite eg kan gjer joda, massevis å gjer enda, men eg kan ikkje bedrve slikt arbeid om eg skal klare å stå oppreist når vi opna!, så gubben min er akkuart no ekstra sårt savna etter at han reiste til Trondheim på jobb i går og kjem ikkje heim før seint onsdags kveld... Men tenke vi er veldig godt i rute likevel :)

Tom har jo hatt lyst eg skulle starte opp igjen, men det har jo vore heilt uaktuelt, ja det burde det vel fortsatt vore, men vi skal nok få kabalen til å gå opp. Eg skal gjere det eg lika mest av alt - nemlig å dekorere ♥ setter saman blomster ♥ prate med koselige folk ♥ Dagen vil på ny få ekstra fint innhald og eg gleda meg til å kunne hjelpe og bistå folk med gåver, litt nytt til eigen heim og ikkje minst glede folk med blomster i butikken og på dørene til folk...

Vil jo gjerne vise dåkke litt av det som skjer og lova at det kjem snart sjølv om at eg ikkje vil røpe alt for då er liksom vitsen med overraskinga vekk ;)
Vi gjer sjølvsagt litt endringa og gjer det litt "nytt" og eg kan sjølvsagt ikkje få gjort NOK!! Men i dag gjekk det faktisk opp at eg skal ta det med ro for å klare å stå løpet ut og gjer det eg er best på, ikkje leike hobbysnekkar...varer har komt og massevis er på veg, men mest av alt gleda vi oss til ferske, fine, vakre og velduftande blomster 
♥♥♥ Katja gleda seg stort til å lage dekorasjonar igjen eller "potteplante" som ho kalla det...
Så med nesten heile familien mamma og pappa sjølvsagt inkludert stemmelaus og hosta i over to veker er det snart på tide det slepp!! I helga lurte eg i meg litt av Tom sin Cosylan og det har eg aldri prøvd før...i natt ja det har vore nåkken av dei no fortsatte eg med hostinga i fleire tima, og utan Tom sine remedie gjekk eg berserk i kjøleskapet der eg fekk auge på ei svart flaske med litt lilla på, og eg var ikkje vond å be så reiv av korka og heiv i meg ein slurk med etterfølgjande grimasje for så å hive i meg ein ny slurk!!...Ja, hadde du vore fluge på veggen i natt hadde du mest trudd eg var ein skapdrankar, men neida her blei ein Riga Balm snart utgådd på dato nytta for å få slutt på hostinga :) om det funka ana eg ikkje...for tidlig på morrakvisten sovna eg utmatta av hosting vel vitande om at eg straks skulle opp igjen. Så seint som i kveld er det lenge sia eg har vore, men kva er vitsen med å legge seg ned for å hoste, då er det betre å få ut litt av galskapen :)

Men, herremin...vi er jo langt ut i November og eg har sagt nei til alt av julebrus, julesjokolade og alt anna som heite juledingsa.......eller det blei visst kjøpt inn nåkke greier i Sverige, men det telle liksom ikkje heilt for det er lagt vekk og så får eg håpe eg huska å ta det fram :)
Eg har til og med ikkje felle for fristelsen å kjøpe svibla!!!!...det her er jo galskap :) Hyasinter er jo ein vårblomst, men dei fleste av oss har tatt den til oss som ein av julens "must have" og eg er ein av dei som berre må ha dei inn så fort som mulig...så har eg eit lite avbrekk i januar med muscari for så få den inn igjen  vårtona. Men eg skal faktisk halde meg ei god veke til og kjøpe det i "eigen" butikk...tenk at eg er der igjen ♥♥♥ så kryssa eg berre alt eg har for at vi kan vere der lenge veldig lenge, at rygg, helse og diverse helde seg "normalt" og vi kan glede oss ilag med kundane over fine varer og flotte blomster...Ja, for det er jo ditte vi vil både eg og mine næraste.


Elles har eg "shoppa" litt fornuftig i dag då det kom to blide "jenter" på døra, og då var eg ikkje vond å be så i dag har eg blitt FELTPARTNER i Leger uten grenser, kanskje ein dag feltarbeider? Jaja no får eg halde meg til "partner" og ta å ro ned pipa...meeeeen, det hadde vore spennande og ikkje minst glede å få hjelpe dei som virkelig treng det. 
 Eigenpleie var overhode ikkje dumt i dag...

Eg avslutta dagen med eit fantastisk boblebad med lavendelskum, ei god bok, levende lys, duft av lavendel frå beste "Love is green"...kunne ikkje blitt betre, skulle berre huske å gjer det litt oftere ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...