lørdag 15. november 2014

Det er bekrefta ♥

På torsdag tok eg turen innom Emblem å henta Bjørg og "Nora"...såg at her var det ting på gang men alltid kjekt å få det konstatert. Litt i tidligste laget med ul men klarte ikkje vente til over helga ;)
"Nora" opp på bordet, av med litt pels og ikkje lenge etter vart det funn på skjermen!!...Vel inne på Emblem igjen blei det feira med kake og kaffi :) Alltid like koselig med ein kopp kaffi og liten prat der inne.

I dette bildet skimta vi to valper...

Du kan tru vi er spente i heimen og gleda var stor då eg sa at no er "Nora" heilt sikkert drektig og vi kan vente valpa rundt julaften. Tim Are slo salto i soffan, og dagen etter gjekk han rundt i klasserommet med mobilen å viste bildet og sa at vi skal ha valpa!! Alle såg på telefonen og etterpå såg dei berre spørjande opp på Tim Are, ja dei er litt spesielle disse "kennelbarna" våre og innimellom vanskelig å skjønne for andre barn  

Elles er eg ikkje så kravstor å håpa på eit fint kull på rundt 5-7 svarte valper ♥ Vi såg vel ca 4-5 på ul var litt tidlig og kunne komme tilbake neste veke, men det spilla ingen rolle,..så lenge der er får vi planlegge etter det og berre glede oss til små nøster til jul ♥ No som det skjeddde endringar i planane under denne paringsturen så ønska vi ho kan komme ein dag over altså skikkelige julvalper...eg sit gjerne med ribba i eine handa og tek imot valpa med andre, ja for då har liksom all arbeidsro senka seg i heimen.



 Far: DKV-14 WW-14 JEUW-13 SEU(U)CH Caci's Hit The Road Jack

Mor: Kvasneset`s Himmelske Honoria

Uansett når tid dei måtte komme er dei varmt velkommen og vi gleda oss stort til endelig å ha flatkull igjen etter 4 1/2 år med tørke...Det er lykkeventing her i garden :)

Ha ein lykke dag 
Klem -Anja- 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...