søndag 7. oktober 2012

Baderom - NIB`s utfordring



Herlige duftelys frå Love is Green er eit must på badet – ikkje minst deilig handsåpe frå Durance, god lukt på badet er viktig...

No når eg er «på glid» her inne på bloggen min igjen kunne eg like gjerne slenge meg på NIB`s utfordring denne månaden. Det er vel baderommet som er det rommet i huset som kanskje er reinast, men samtidig det rommet som er vanskelegast å halde orden på.
Badet er stort med stor god dusj og eit herlig hjørne badekar – men vi har også vaskemaskin og tørketrommel her, om det er mor som ikkje alltid er ajour med klesvasken, eller om det er store og små som har det med å skifte for ofte klede å «slenge» dei frå seg kan diskuterast ;)

Fine «steinar» med lavendelduft i ei lita såpeskål…



Då eg skulle ha ny oppbevaring til vaskemiddel ville eg ha trekasser med «meining» - Det blei då leiting etter dei med rette årstall…Det måtte bli ei for mi kjære mor som er født i 1956 – mamsen min betyr så ufattelig masse for meg  Då eg fann ei med 1972 blei det komplett – «gubben» min som akkurat har fylt 40 år er født då…

Det er ikkje så dumt å tenke på – greitt å bli påminna når ein gjer seg klar for ein ny dag…

Elles har vi eit bad der vi skal både roe ned og slappe av på og det er då viktig at det er «heimekoselig» lunt og godt…

Badet går i bruntonar med både nytt og gammalt i ei salig blanding – akkurat slik vi lika det ;)

Marmorrutene i borden tek igjen marmorplata på vasken... 


Det store badekaret blir brukt litt innimellom – etter at vi fikk kar ute blir det nok litt mindre brukt enn tidligare…Her kan en slå på varmt og kaldt vatn, også velje om vatnet skal komme i dusjen eller i hjørnet, kjekt for barna at det er rute i fronten å sjå gjennom ;))

Med eit lite «besøk» på badet våra vil eg ønske alle ein riktig fin søndagskveld…
Vi skal etter ein fin dag i barnedåp, forhåpentlegvis få pakka på bilen og sette nasen mot hytta for haustferie kos 
Klem -Anja-




2 kommentarer:

  1. God høstferie!
    Fine bilder av det flotte badet :)
    Lykke til i utfordringen :)
    Vil du vinne et års-abonnement på BoligPluss til deg selv eller en venn
    kan du prøve lykken inne hos meg nå :)
    Klem Anette ♥

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for koselig hilsen - då skal eg prøve vinnerlykka inne hos deg ;))
      -Anja-

      Slett

Ferie er ferie...

Seint på natta var vi veldig klar for å reise heim og eg var igjen "påkledd"...her sit Katja i senga med meg og resten på ven...