mandag 22. oktober 2012

Rosa haust


Lekre suppeskåler med fat til - den store "fuglekoppen" no også med blomstermotiv...
Sjølvsagt må lysa frå Love is Green med dei herlige duftene vere med...her har vi brukt lysa frå den nye  leverandøren deira Pintail Candles i Lake District som har ein enkel design som passa alle plassar!! 

Eg likar det å kunne mikse alle fargar så når eg ville dekke til «soup for two» blei det vakre Pip serviset tatt i bruk med dei nye lekre suppeskålene…
Vakkert servise ein av mine favorittar til både kvardag og fest, det fine med dette servise er at det er så mange forskjellige koppar og fat til, ikkje minst det at alt kan miksast. Med denne heilt nydelige rosa fargen tenkte eg at det kunne passe med eit lite «haustbord» - eg har jo fleire gangar brukt å mikse det meste i fargar og folk blir overraska når dei ser kor fint og rett stilig det blir! ;)
Håper at dette bordet også kan felle i smak...

Forskjellige fat, koppar og skåler oppstabla av dette flotte serviset...

Nydelig "mintdrops", fantastiske trøflar og gode kanelsnurra... 
Den store bollen passa godt med litt avskårne i mellom anna hortensia, roser og strå - en kan jo gjerne bruke ei litt mindre skål når ein dekke heime, her ville eg berre at den skulle vise litt...

Eg likta veldig godt når det er rolig eller tøft på bordet, denne fargerike gladklatten har eg heller ikkje så masse imot og eg kunne gjerne invitert ei god veninne på suppe eller te her…
Rett og slett litt tøft med litt andre val - skulle berre likt å få det enda bedre fram på bilda ;)

Bordet sett ovanfrå...
På eine sida av bordet står det ein vakker benk som har oppbevaring i setet, varme tibetanske lammeskinn og DEI lekre putene levert frå Nomi-Import...

Med disse bilda vil eg ønskje deg ein fin fin haustdag 
♥♥♥
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tur mot Langenestinden...

Heilt under tekst g bilde kjem bilda eg tok med mobilen og brukt på instagram på #anjasskatter og #kvasneset ... ...skodda har lagt gra...