torsdag 18. oktober 2012

Lys og varme


Blant alle herlige duftene må vel ein av favorittane kanskje vere «Stargazer Lily & Hibiscus»



Hausten er tida for å kose seg litt ekstra inne og då gjerne med levende lys som gir ei herlig ro og god varme.
I dag fekk eg lyst til å få orden på huset (ja det vil eg ha kvar dag!), tenne masse lys og kanskje bake bolla og ha kakao til te kvelds. Det er godt å kunne kose seg litt ekstra innimellom...
Love & Peace…Ikkje berre er det flott tekst men lyset har ei herlig duft 
Kjærlighet er nok det einaste ein ikkje kan få nok av 
 Utan å bli for «prektig» ønskjer vi alltid ro og fred – eg har fleire genserar med peacemerket, kjem vel aldri til å gløyme mannen som kom bort å helste på med på Strandtorget ;)  Om det var skjult kamera – gleda eg meg til å sjå det klippet der…


Ein kunde var innom mamma på jobben for å kjøpe dei herlige duftlysa frå Love is Green, ho kunne fortelle at det med Lavendel duft «kurerte» lett migrene – det er positivt og håper det kanskje kan hjelpe fleire!!
Lavendel lys i to forskjellige størrelser...


Vi har veldig mange forskjellige dufter i butikken, men savna du ei så gi oss beskjed slik at vi kan legge den til neste bestilling…

Ein vakker haustdag sjølv med litt regn i lufta, det gjer at den kanskje ikkje er «perfekt» men kva gjer vel det!? Det er du som har dagen i handa og kan gjer det aller beste ut av den du har  Nyt den og kos dåkke litt ekstra akkurat i dag ♥♥♥
Klem -Anja-



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...