mandag 9. februar 2015

Ein laurdagskveld på kjøkkengulvet

Ja, vi er liksom ikkje heilt A4 her i huset som sikkert dei fleste har fått med seg...så laurdagskvelden vart tilbrakt med 9 herlige små på kjøkkengulvet. Vi må stenge litt av når alle ni er inne samtidig for å kunne ha litt kontroll på kva som skjer og få tørke opp etter alle.

Dermed blei det kooooos på kjøkkengulvet etter at alle ni hadde fått seg ein tur i dusjen :)
 Drakamp...
 Om du lure på kven som har så rare tær så er det nok huskjerringa her...Åååå det var jo såååå kjekt å gå laus på dei ;)
 Medan eg skulle prøve å ta bilde av den ved mi side her så fekk eg med rampa som drog meg i genseren ;)
 Veeeeldig viktig å ha gode matvana...
Husfar blir overfalt...den snora på genseren var visst råkul ;)
 Valpane er jo så glad i barna, ja snart høre vi dei vel rope Katja og Tim Are ;) Dei får gjennomgå litt også...vi plukka av litt etter at eg har tatt eit bilde sjølvsagt ;)
 Ååååå gi meg eit suss til da!?...
¨
Så blei det heilt stille då valpane falt til ro rundt på kjøkkenet...
Det er ein aktiv, rolig, oppfinnsom, kosete, rampete og bedagelig gjeng som vi kjem til å sakne...men, etterkvart som dei veks og utfordringane blir større så er det godt for dei å kome "heim" og for oss å få roligare daga...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...