søndag 1. februar 2015

Ting å ordne før valpen kjem i hus

...Ja det kan vere så mangt både nødvendig og unødvendig ;) Dyrebutikkane har så masse forskjellig å by på at ein kan bli tullete av mindre. Så eg skal prøve å komme med det som er nødvendig og ja åsså litt som ein berre må ha for å ha det.
 Bilda av banda lånte eg frå Rudskog hund og gå gjerne innom deira netthandel å sjå om der kan vere nåkke av interesse!! Band, leiker, godbita, dummy etc.

  • Hundeför, skikkelig hundeför er eit must!! Du får med litt herifrå så du kan blande med eit anna merke om du ikkje fortsette på det samme...Vi har også store sekka for sal om ønskelig for no og seinare, vi fora på MERADOG.
    Om du går over på anna merke råda eg de sterkt til å handle dette med dyrebutikk eller veterinær!!
  • Bæsjeposa!! Det som kjem inn må også ut og husk å ver ansvarlig hundeigar og plukk opp igjen der det trengst!! :)
  • Mat- og vannskål gjerne i stål som står stødig på gulvet og er lett å halde rein. Denne vil heller ikkje valpen klare å bite istykker...
  • Valpen må få sin faste plass  huset, greit med eit bur som den kan finne roa i med eit godt teppe. Ikkje dumt med ei seng i stua, på kjøkkenet eller kor de måtte ønske. Ei mjuk seng som dei kan ligge godt i, husk at valpen og hunder sove masse i løpet av ein dag og må ha mulighet til å ligge bra!! For mjuke madrasser vil eg sterkt anbefale Buster som sikkert kan kjøpast på nett eller kjøpe/bestille det med dyrebutikk. Biabed er også å anbefale med glattere overflate...
  • Bur er det mange av og der kan du g for eit sammenleggbart stålbur eller eit hardplastbur. Her skal hunden kunne stå oppreist og ligge godt...
  • Band er det i hopetal og ikkje like lett å lande på eit...her blir det sikkert fleire både med tanke på det praktiske og utsjånad...Eg anbefala eit halsband for valper uten strup til å begynne med, eit justerbart nylonhalsband som ikkje blir for stort finn du i alle dyrebutikker til ein rimelig penge. Etterkvart som valpen vokser må man ha fleire og etterkvart når hunden blir større er det mange som vil gå over til halvstup.
    NB! Skal du på utstilling med hunden så husk å ikkje ha halsbandet på heile tida, ta det av og på når du skal ut slik du slippe ein krage rundt halsen ;)
  • Kobbel får du også i mange forskjellige utførelsa så her kan du sjå kva som passa best il handa og auget ditt.
  • Retrieverband/jaktkobbel bruka eg masse!! Dei er lett å ta av og på og du har halsband og kobbel i eitt. Men, du må vere påpasselig at valpen/hunden ikkje drar for dette er strupband så derfor skal det ikkje brukast før hunden kan gå i band...Men, hallo!! Dåkke er jo så flinke å trene at valpen/hunden ikkje dreg i bandet ;)
  • Børste er der også godt utval av, men om du kjøpe ei "grei" børste og ein kam (ikkje for tette tagga) så har du til å starte med.
  • Klotang må ein også ha og her spør du i dyrebutiken for kva dei vil anbefale deg.
  • Saks, ja når du kjem så langt at du skal begynne å klippe hunden er det greit med ei dobbel effileringssaks for å slippe for masse "tagger", rett saks og ei potesaks. Det er ikkje nødvendig å starte med dei dyreste i butikken så spør etter ei god "billigsaks"...
  • Vapen klør godt i tennene så det kan vere lurt å ha litt som den kan bite på...forskjellige tggebein etc. får du i dyrebutikken og der er også diverse som er grei for ein valpemage...
  • Så er det alltid kjekt med litt leiker og det er det massevis av i dyrebutikken og der kan du velge det du sjølv syns ser greit ut. Viktig at valpen har litt å sysselsette seg med.

Håpe det her kan vere litt til hjelp med kva de kan kjøpe inn å ha klart til valpen kjem i hus...

Ha ein fin kveld!!
-Anja-rud

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...