onsdag 25. februar 2015

Status...

Status...
...Etter forhalda har eg det veldig bra!! :)
Tidlig oppe i dag for "spriting" og førebuing, jada eg sat på nettet med tv i bakgrunnen då sjukepleiar skulle vekke meg...
Dagens outfit: ei trøye som knappast bakfram, ei truse som er henta frå 50-talets gutteshorts, utvaska strømper omlag same tidsepoke med blå plastgreier utanpå - nåkken av dåkke som veit kor klamt det e!?... ;) Fikk meg ein salig coctail av piller og vips klar for operasjon.

Så bikka sju kom dei å henta meg.............henta meg!, ikkje som å gå sjølv men i rullestol!!!! Herremin eg har aldri før hatt så store problem med å halde latteren inne før :))))) 
Vel framme blei møtte av ei blid dame, og ein portør som ønska meg lykke til blei eg satt midt på gulvet. Detvar det senge til høgre, nåkke tomme som dei hadde klart til eg var ferdig andre låg der nåkken i. Så begynte det å straume på med trillande stola ein skulle nesten tru E6 vart slusa innom...kanskje vi burde snakke rushtidsavgift? Eg satt der med fliren laust...rullestolane var lina opp i to rader og nesten klar for startskotet!! Ja eg såg for meg kappløpet i Top Gun :))))
Etterkvart blei eg henta av koselige grønkledde folk som klargjorde meg...så er det lite eg huska, einaste eg tenkte var "når eg våkna er det gjort!!" 👍
 Ferdig sprita og klargjort...
Enda nærare...skulle nesten hatt bilde i den trillande stolen :)))
Her er ryggen før denne operasjonen...det kunne vore betre snitta den på hofta men pytt pytt...I'm no beautyqueen...
Ein del tima seinare meeeeget bedugga klarte eg å sei ja etter at det var sagt namnet mitt fleire ganga...spurte kor det gjekk men var ufattelig groggy i dag ville snakke men klarte ikkje, men det er sikkert på grunn av at eg blei lagt i tung narkose...så klarte eg å sei "å beina mine virka" poff så var eg litt vekk igjen ;)
Supre folk der asså!!! Alle smilte og hilste så eg berre låg der å smila...
Då eg fekk igjen talensmakt var eg ikkje vond å be!...så eg prata masse med sjukepleieren min superkoselig!! Så fekk eg så fine og gode tilbakemeldingar ❤️ eg er ikkje og har aldri vore god på å ta imot "ros"...men ho sa det fleire ganga at ho var så imponert over korleis eg takla ting og innstillinga mi ho hadde ikkje opplevd det. Det var jo kjekt å høre må eg sei! Før ho gjekk av vakt kom ho igjen og sa at ho var så imponert at ho blei rørt ❤️ Kanskje litt teit å poste det her, men tok det til meg og det gir jo ekstra motivasjon...akkurat slik alle dåkke som har sendt meg gode tanka og lykke, sendt ufattelig fine ord til meg og den omtanken de vise!!!...ej e rørt og føle meg så takknemlig ❤️ Tusen takk for bilder eg har fått på melding, Instagram og delt på Facebook av valpane som er levert...
Eg får min coctail som dei kalla det til faste tider, så har eg smertepumpe som dosera innimellom, der kan eg også ta ekstra ved behov.
Han som var sjefsoperatør kom innom og sa at operasjonen gjekk bra!!!...han lova ingenting 
men håpa at han skal ha klart å dempa litt på 
smertene men bra blir eg ikkje - eg lika ærlege folk!! Han har skrudd ut litt "gammalt" og skudd inn nytt, klemt sammen protesa og stiva av over den...laga større plass til nervane og klemt eller nåkke sånt den nerven som blei strekt for masse under første operasjon. Han er usikker på om foten blir betre men det er forsøket verdt :) 

Så blei det vaktbytte til ei koselig dame frå Voss :) Ho hadde fått beskjed om at eg takla smertene bra...prata godt med ho også og latteren sat laust (Joda kjære eg prøvde å ha den lavt)...
Ho var der då eg kom meg på beina prøvde då først eit ekstra trykk på pumpa og med preikestol som hjelpemidde gjekk det fint...men, med mitt lave blodtrykk var ho redd eg skulle stupe i bakken, imponert over teknikk og meistring ❤️ så det gjekk fint, ingen fall og deilig å bevege beina og bøye dei bakover...ho sa berre "Du er fantastisk!!" å rista på hovudet :) 
Må sei det er godt å ha det med seg ❤️ 



Meeeeget lite oppegåande...heil ærlig heilt "naken"...
Kanyler i fleng
Pumpeknappen 
På beina !
"Korridorpasient"! :) 
Det her blei masse sjølvskryt, men i den perioda eg er i no tek eg imot all positivitet...for eg vil ha minst mulig men samtidig god smertelindring,for det var ein stor operasjon som gir mykje smerte og ikkje minst vil eg klare meg sjølv.

Akkurat no i ettermiddag har det vore heilt greit med kateter så slippe eg for masse fellestoalett (eg kresen overhode ikkje 😉)...Blei liggande halvanna time på gangen då det var arbeidera på rommet...greit no med kun eg og ei til.
Sjukepleierane her vil ha meg på beina i dag og det blir bra...ho eine gjekk forbi døra og gliste då ho såg eg sat i senga og dingla med beina ;)
Eg skulle visst syte og klage denne gangen for ikkje å bli sendt for fort heim...men, det funka ikkje for meg!!!.......sorry, men blir det frustrasjon så trur eg de vil sjå litt klagestatusa på Facebook for å få det ut.

Sjølv om stemma er groggy etter sånn derre slange så har eg prata med dei heime ❤️❤️❤️ 
Massevis av meldinga i ventetida har det blitt og så har dei fått oppdateringar innimellom. På snap er det masse rart...men så fann eg ut tidligare at eg skulle vere heilt ærleg og det funka for meg, og de velge sjølv om de vil sjå meg "naken" for bloggen min er så masse, alt det eg har beskreve og meir til...den funka også godt som terapi ;)

Får mange meldingar og det er så godt...mange med omtanke og ønska eg no blir betre. For fire år sidan (og vegen fram til no) gjekk eg gjennom eit helvete som forandra livet mitt og dei rundt meg...Heldigvis ikkje dødelig, men smertehelvete som ikkje kan forklarast, ja kanskje ikkje så lett å sjå det på meg heller ;) Mange skjønte ikkje kvifor eg "datt ut" av ting og ikkje var som før, derfor vil eg dele denne vegen med dåkke...denne gangen skal eg ikkje vere taus og håpe det etterkvart skal bli ei betring...
Uansett skal eg ikkje legge meg ned om det ikkje blir så eg håpa...EG SKAL LEVE LIVET MITT ❤️ EG HAR FÅTT DET I GAVE AV DEI FANTASTISKE FORELDRA MINE ❤️ det skal levast så godt det går...eg er klar for klemma og gåtura, og eg vil ha gode opplevingar til minnebanken saman med familie og vener...til mi store fortviling vil nok huset ikkje vere strigla, men med barn, hunda og masse glede er de velkomen når eg kjem heim...eg er ei som lika gode vener og ein god prat, ja kanskje litt god mat og drikke...
Det her blei litt meir enn eg tenkte, men skrivekløa tok meg...ja eg har lenge tenkt på å legge vekk telefonen og ta det igjen for eg er nummen i den ein arma og rykningar i den andre, men det er berre på grunn av at eg låg så lenge på magen og armane sikkert ikkje i beste stilling ;)
Tusen takk for oppmerksomheita ❤️ det varma...
Klem -Anja-

Akkurat ferdig å skrive så kom sjukepleieren inn, ho måtte gå og eg fekk hjelp av ein koselig herre som har bodd på Stranda i fire år og vi prata om fjella og turar...så gøy!!! Eg gleda meg til å kunne begynne i det små og skynde meg langsomt :)

4 kommentarer:

  1. herregud Anja!! Du E fantastisk!!!! så bra at operasjonen he gått bra :) men du,kordan gjer du d egentlig????? står opp fra den store operasjonen å e like smashing vakker som alltid!!! bøyer mej i støvet å tar av mj hatten!!!! ønska dj så utrulig masse lykke til framover å kryssa alt ej he for at du skal ha litt mindre smerter framover!! du e unik! stor god bedrings klem fra mj <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tuuuusen takk Trinemor ❤️ Du sette meg heilt ut med dei fine orda dine!!...he mest lyst å gi deg ein klem 😘 Bamsemomseklem -Anja-

      Slett
  2. Anne Grete F Molvær25. februar 2015 kl. 22:20

    Hei Anja
    Vil ønske deg masse lykke til med rekonvalesens og opptrening! Du har et pågangsmot mange kan misunne!
    Ønsker virkelig at hverdagen din blir veldig , veldig mye bedre :)
    Klem fra en gammal kunde <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tuuuuusen takk for då fine ord Anne Grete ❤️ Klem

      Slett

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...