mandag 16. februar 2015

Den stygge anduge...


...det har eg tenk fleire ganga om den her lille "tiger`n" våra ikkje minst på mine tura rundt vatnet der eg har sett svanene. Har villa tatt bilde og sagt akkurat dette, men alltid så dårlig ver og langt unna for å få skikkelig bilde av dei...

I dag med veterinæren så såg vi svanene gjennom vindauget og Tim Are ville ned til dei etter vi var ferdige...der stod vi å skua dei lenge nåkken store drivande kvite og andre litt yngre som enda var litt grå...Vakre er dei uansett ♥♥♥

"Tiger" blir jo på same viset som "den stygge andunge" - ein "uønska" greie men som i motsetning til andungen er det mange som har falt for akkurat denne herlige tassen her. Han har asså ein uønska farge men der han smelta alle der han kjem tigra ut (jadda, eg drøymde om at vi fekk ein valp som såg tigra ut, det kunne skimtes når han var våt etter fødsel...ikkje heilt som i draumen der han var gul- og svartstripa, men likt likevel). Han vekse seg finare og finare (om det går an!?) for kvar dag og etterkvart vil han nok vekse opp til å bli ein superfin hund, ein flatcoated litt utanom det vanlige!!...
Sjølv kor fin han er så var det godt at det kun kom ein gul når genane først er der...Vi vil følge han og gleda meg til å sjå han vekse til, men sjølv kor fin han er - så lenge fargen ikkje er godkjend så håpa eg det blir med den eine enn så lenge ;)
"Joy" eller "Mille" som ho heiter no og "Tiger`n"
Bilder av Tiger`n eller marsipangrisen som vi kalte han på julaftan rett berre få tima etter han kom...

Men, de må vel vere einige med at dette er verdas vakraste "feilvare"!?...og det blir ein litt vemodig avskjed på onsdag vil eg tru...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...